Velkommen til Telemark Gjetarhundlags websider!
» Hovedside» Om laget» Aktivitetsplan» Kalender» Artikler» Forum» Linker» Media galleri» Nedlastinger» NM 2010»
 
Velkommen
Brukernavn:

Passord:


Husk meg

[ ]
[ ]
[ ]
TGL medlem?
Ønsker du å bli medlem av TGL?
Gå da til "Forum" og les om hvordan du kan bli medlem.

OBS! Dette har ikke noe med bruker-registrering på websida å gjøre.
For dette, bruk "Registrer" i menyen over.
Ønsker du å poste noe?
Om du ønsker å poste/skrive noe på sidene våre må du ha en registrert bruker.
Dette er gjort for å unngå spam av diverse slag her inne.

Bruk derfor "Registrer" i menyen over og avvent epost på bekreftelse om aktivering.
Filosofen fra dei djupe skogar
Eg møtte Tjodleiv på ein husmannsplass i nærleiken av Follesjø, her har han tenkt å tilbringe mykje tid framover. Her har han plass til 8 hestar og han har rydda skog der han kan tenke seg å ha sau gåande og beite. Han gjeng vel au med planar om å få seg ei bikkje med tida, og då må ein ha tilgang på sau.


Tjodleiv har vore gjetar på Hardangervidda i sju år. Han gjekk me to bikkjer frå slutten av juni til byrjinga av september. Og avslutta med sank. Sauetallet han hadde ansvar for var frå 980 – 2500. Her var 3 beitelag med ein gjeta på kvart lag, han disponera to hytter. Då eg spør han om det var luksushytter, svarar han at ein kan ikkje få eit betre liv enn det som han hadde der oppe desse åra. Luksus var dei opplevingane han fekk i naturen saman med bikkjene. Men han innrømmer at det tok nokre dagar å venne seg til roa og til å ” finne att sjela si ”. Når han vart selskapssjuk, og det var ikkje ofte, var det berre å sette seg ved turløypene.

Den gongen var det ikkje sikringsradio og GPS, men han tok sine forhandsreglar. Det var telefonkontakt heim nesten kvar kveld, klare beskjedar og han førte loggbok. Betalinga var dårleg, men det var ikkje det som var vitsen. Han ville bruke bikkjene sine og få opplevingar for livet. Berit og ungane tok seg au ein tur opp i løpet av sommarferien og var der 2-3 veker. Det var minnerike veker for dei alle.

Den fyrst Border Collie vart kjøp av ein Myrland som var forpaktar for Løvenskiold. Bikkja var god på å spreie og jage sau, men det var vist nok hjelp i han au. Den beit aldri, men satte fart i sauen. Vidare hadde den stort avelspotensiale i nabolaget. På hotellet hevda dei at han hadde sexappeal…

Håkon Knive var den som var Tjodleiv si inspirasjonskilde. Han fekk komme å trene hos han, og Håkon hoppa av traktoren når han såg at Tjodleiv trong hjelp. Etterkvart fekk han hjelp av Jaran au.

Tjodleiv hevdar at 95 % av dei feila ein kan gjera med ei bikkje har han gjort. Men alle feil kan rettas opp men god veiledning og tolmodigleik. Vidare fann han au ut at han kunne ikkje ein dritt om bikkjer etter 3-4 år som gjetar…

Tjodleif i samtale med fylkesmesteren

Så då meldte han seg på kurs hos Turid Rugås, ”klikker Turid”. Han var mykje ueinig med ho, men plukka ut det som var ok. Hennar lærdom gjekk på å forstå bikkja som individ og ikkje sette likhetsteiken mellom dei.

Tidlegare hadde forsvarets metodar vore mykje i bruk, der ein kommando skal følgjast uansett.

Dette er grunnlaget for den læringsfilosofien som Bolkesjø har. Han ser at det fungerer for alle, det tek omsyn til individet, ros til rett handling og korrigering for feil når du veit at bikkja kan.

Kommunikasjon skal foregå med dempa stemme. Då vert båe du og bikkja rolege. Stressar du så stressar bikkja.

Forutsetningar for eit godt læringsmiljø:

  • Det er folk som skal lære.
  • Ha eit klart mål, for eksempel skjerming
  • Instruktør kjem med forslag kva som kan gjerast for å nå målet, og som er mest behaglig.
  • Kontinuitet, at ein gjeng for den samme instruktøren og at ein følgjer opp med trening heime.
  • Kvar ekvipasje får forklart metodane individuelt.
  • Ein skal ta omsyn til personlege eigenskapar til førar.
  • Ikkje sleppe folke på sau før dei har kontroll på bikkja si.
  • Oppmuntre førar.
  • Engasjere folk på sidelinja med å ta dei med i diskusjon


Vidare så seier han at den dagen han veit alt om bikkjer så sluttar han og byrjar å sykle i staden..

Om ting ser ut til å gå av seg sjølv så kan det være unytting med kommentarar. Folk må få tenkje sjølv.

Han likar å få demonstrert målet med dei ulike øvingane, slik at førar har eit bilete av det dei skal gjera. Veit du det ikkje sjølv kan ein ikkje fôrutsette at bikkja gjer det. Han gjeng heller aldri inn og overtar ei bikkje. Forholdet eigar/bikkje er spesielt og førar kan fort føle seg misslykka om alle andre får til bikkja.

Kva eigenskapar skal ei god gjetarbikkje ha?
Den skal være samarbeidsvillig, ha styrke på sauen, lite stress og avbalansert. Likar at bikkja skal være sosial og kunne være i hus og garde utan å bråke. Bikkja bør lærast opp til å jobbe sjølvstendig og at ein kan stole på ho. Vidare er det au viktig at bikkja holder ut heile dagen på sank. Det er stor forskjell på det og gå ei prøve på 8 min.

Kva er ein god førar då?
Ein god førar skal akseptere at bikkja er eit individ med behov for læring, ein skal ikkje forvente at den skal lære av å bare bli irrettesatt. Førar skal sette bikkja i ein situasjon der dei lykkast. Vidare skal ein halde stressnivået lågt, vara konsekvent. Ein bør au væra open for råd frå mange og ha evne til å finne det som er riktig for deg og bikkja. Og ikkje minst avstå frå råd som ikkje samsvarar med magefølelsen. Og ha eit bevisst forhold til kva du vil med bikkja di.

Kva kan laget bidra med?
Alle som kjem med bikkja si på samling bør bli tatt hand om, ein bør væra oppmerksam på at det skal væra plass til alle. Det bør au væra ein openheit mellom dei som har kommi langt og nybegynnarar. Det er styret sin plikt å legge til rette for eit inkluderande miljø.

Så driv du med dyrekommunikasjon Tjodleiv, kva er det?
Alle kommuniserer vi med dyr meir eller mindre bevist. Telepati er tankeoverføring gjerne i form av bilde, men au følelsar og ord. Border collien er spesiell med at den sender så raske signal, katter er veldig opptatt av eigaren sin og tek på seg eigars sjukdom og sårbarheit., mens hestar er ofte lojale og filosofisk annlagt.
” Dyra ser på oss som ein del av naturen, det er bare vi som ser på oss sjølv som noe overstående.” Dyr søker kontakt, dei likar når vi forsøker å kommunisere med dei.


Frå kurset på Jønneberg i sommar
Korleis kan du bruke detta til hjelp med dyra?
Eigar ser med nye auge på dyret sitt, dei får høyre dens versjon og vil lettare forstå korleis den tenker og oppfattar omgivelsane sine. Brukar ein detta bevist kan ein få betre kommunikasjon, mindre stress og eit godt samarbeid med bikkja.

Bolkesjø vert mykje brukt på nybyrjarklassa. Den som gjeng for han føler seg så trygge i situasjonen og har klart for seg kva dei skal gjera når dei er ute i korallen. Han er god på å skape eit godt læringsmiljø der folk engasjerar seg og er med i diskusjon om kvart evne som er oppe til diskusjon i plenum. Han er au open for dei ulike metodane som vert nytta. Kjem aldri til å gløyme ein gong me diskutera, då sa han desse orda:
” Jeg er tilhenger av alt som fungerer.”

Ikkje berre var der godt sagt, men det vitnar om respekt for andre som har sin metode og at han sjølv ikkje sit med fasiten.

WF
Posted by Webmaster on Sunday 28 September 2008 - 19:55:30   | Comments are Off
Nyhetskategorier
September 2010
Ingen begivenheter denne måneden.

ManTirOnsTorFreLørSøn


12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930


Forestående hendelser
Ingen forestående hendelser
Dette nettstedet er drevet av e107, som er utgitt under GNU GPL License.