Velkommen til Telemark Gjetarhundlags websider!
» Hovedside» Om laget» Aktivitetsplan» Kalender» Artikler» Forum» Linker» Media galleri» Nedlastinger» NM 2010»
 
Velkommen
Brukernavn:

Passord:


Husk meg

[ ]
[ ]
[ ]
TGL medlem?
Ønsker du å bli medlem av TGL?
Gå da til "Forum" og les om hvordan du kan bli medlem.

OBS! Dette har ikke noe med bruker-registrering på websida å gjøre.
For dette, bruk "Registrer" i menyen over.
Ønsker du å poste noe?
Om du ønsker å poste/skrive noe på sidene våre må du ha en registrert bruker.
Dette er gjort for å unngå spam av diverse slag her inne.

Bruk derfor "Registrer" i menyen over og avvent epost på bekreftelse om aktivering.
Nissemann frå Ordalen
Gårder Ivar Kvålseth er ein kjend mann i gjetarhundmiljøet i Telemark. Det er han som skal ha mykje av æra for at laget er så velfungerande som det er no. Den gongen dei streva med å finne treningsplass for ungbikkjer der det var minimalt med trekk og store opne områder var det han som tok kontakt med dyrsku`n arrangement og fekk ordna slik at me har treningsplass der på desse helge samlingane og enkelt dagar gjennom heile året. Han var den som kom med ideen om å halde eigne treningsau og gjennomførte det ut i praksis. Vidare såg han au behovet for at laget skulle ha ein god økonomi og fekk igong ei avtale for lagets medlemar å jobbe på Dansegalla`n og Country`n. Ein ting er å tenke det og noko anna å sette det ut i livet, men denna karen er ikkje skuggeredd., og det skal me væra glad for. Gårder er ein mann som trass motgang og helseproblem stend med krum nakke full av idear, har kontakter og eit godt humør. Ein kan så fort gløyme desse som gjer det lett og moro å væra med, men dei treng au at me ser dei, takkar dei og viser at me set pris på den innsatsen som vert gjort.

Den fyrste bikkja til Gårder var ei harabikkje. Den fekk han i 74 og bruka ho på jakt. Den fyrste border collien kjøpte han av Anders Krågedal. Den var god til å gå fram å stoppe sauen, men detta var far til Gårder irritert på så han vart vond på bikkja og då slutta ho brått med det. Den gongen hadde dei sau på Skorve og bikkja var god til å drive sauen ned frå fjellet, ho gjekk til båe sider og fekk med seg all sau i drifta nedover mot bygda.

Men Gårder skjøna at her trengte han hjelp, så når han fekk neste bikkje vart han med i gjetarhundmiljøet med Finkenhagen og Nordaberg. Og i 91 starta eventyret med Proffen. Den fyrste prøva som var hos Tor Einar Lid fekk han 68 poeng utan å ha trena på bane. Gårder var i himmelen. Året etterpå vann dei ei prøve oppe i Tinn, dei fekk 95 poeng. Når eg kommenterer at det var då bra, seier Gårder at det var gode sauir. Saman starta dei på Kamben to gonger. Liv Odny Hindenes og Jarand Knive hadde sagt at om båe førar og bikkje gredde å roe seg så kom detta til å bli bra.

Så ramma tragedien familien Kvålseth. Det gjekk nokre år, men så i 2002 satte han i gang med Leika frå Høydalsmo. Seinare har Tara og Bamse dukka opp, så nå er det full fart og full bil. På spørsmålet om kva han verdsett mest hos bikkjene sine seier han at dei er lydige og kontaktsøkande, sosiale og trivlege.

Kva har Telemark gjetarhundlag betydd for deg då Gårder?
Eg syns det er eit triveleg miljø, alt stoppar utan eit godt miljø. Treningssauen gjer at eg får trena, me har ein draume arena å trene på. Medlemsmassa er auka og det er eit godt fokus på arbeide med bikkja.

Ønsker au eit auka engasjement og hjelp når noko skal ordnast, han er redd for at ein brukar opp folk. Det er viktig i eit lag at det er mange som er med å tar i eit tak slik at ein ikkje brenn ut ildsjelene som Smørgrav sa det ein gong i bladet. Eit lag med aktive folk har uante moglegheitar.

På sank likar Gårder ei bikkje som veit kva som skal gjerast og at ho har kondisjon og uthaldenheit til å jobbe heile dagen. Føraren bør ha oversikt og ikkje sende bikkja si på umoglege oppdrag. Ein skal bruke bikkja utifrå hennar forutsentnadar Ein bør prøve å sjå kva som skjer og væra i situasjonen.

Gårder er lei seg for at han ikkje fekk realisere draumen om å væra sprek med bikkja på sank på fjellet. Sjukdom og helseproblem har satt ein stoppar for det. Men han er jo med og startar på prøver, samstundes som han driv å tek dommarutdanning. Ein må berre tilpasse seg her i livet. Nå er der sonen Bjørn Tore som driv med sau, og Gårder er framleis med.

Så Gårder eg veit eg har alle i ryggen når eg seier det at me er så glade for at du er med i laget, og takknemlige for den innsatsen du gjer. Ikkje minst for den personen du er snill, vennleg og alltid med ein god replikk på lager.

Så nissemann takk for at du ville la deg intervjue og legg deg desse orda på hjartet…


Posted by Webmaster on Sunday 28 September 2008 - 19:27:30   | Comments are Off
Nyhetskategorier
September 2010
Ingen begivenheter denne måneden.

ManTirOnsTorFreLørSøn


12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930


Forestående hendelser
Ingen forestående hendelser
Dette nettstedet er drevet av e107, som er utgitt under GNU GPL License.