|
|
 |
Karismatiske Smøregrav
|
 |
|
Dei fleste har vel møtt og fått gode råd av denna karen,ein del bikkjer har han au solgt til Telemark, så han er ein kjend kar rundt om på samlingar og prøver. Han holder til i Vestfossen i Buskerud og har holdt på med gjetarbikkjer sidan 1979. Saman med broren har han 146 vinterfora sau. Dette er au ein kar ein legg godt merke til for det er jo nesten to av han. Han har ein tvillingbror som heiter Cato og dei er veldig like så det er lett å ta feil. Dessutan raver han høgt i terrenget og har alltid masse gode historiar på lager. Han har au ei stemme som stadig tiltrekker seg oppmerksomhet, ikkje fordi han er så melodiøs men heller litt høg og skarp, ein gong hadde han vekt opp heile hotellet på Kamben då han var ute og lufta bikkja ein morgon. Det var Woldstad som inspirerte Carl Erik til å gå til anskaffelse av gjetarhund. Men i staden for å kjøpe fra han så ringte han på ei tilfeldig annonse i Bondebladet. Carl Erik fekk aldri taket på den bikkja, men ga seg ikkje med det. Han var med Andreas Groseth på sank og såg korleis det fungerte i praksis. Dett ga ny inspirasjon og resulterte i kjøp av valpen Willy fra Groseth.
Willy blei trena heime på tre sau i eit lite område og han fungera godt på denna arenaen. Seinare viste det seg at detta var alt for einsidig trening. Etter ein start på Kamben fekk han beskjed om å reise heim og ta livet av bikkja. Detta var ein skikkelig nedtur, frå å være stjerne på heimebane til å skjemme seg ut blant andre hundeførerar. Men bikkja var bare to år og Smørgrav ga både seg og bikkja ein ny sjanse. Han la om treningsrutinene og jobba intenst kvar dag før jobb og gjekk opp til eksamen dvs. gjetarhundprøve. Alt arbeidet hadde ført fram og ” Team Willy” vant. Og den plastikk premien var så gjev at den like godt kunne vært av gull. Eit år etter nedturen på Kamben vart han og Willy nr 17 i NM. Så der kan ein sjå alle som strevar, det nyttar berre ein er villig til å jobbe for det.
Med denna historien vart ”Team Willy” skapt, dei hadde eigen fanklubb som var med og skapa stemning. Seinare har han gjort det bra fleire ganger, han vart nr 4 i NM med Ronja og han vant au Norgescupen med Otto.
Det fyrste Carl Erik spør deg om er ”Hvem er detta etter a”. han er godt kjend med linjer og dei ulike bikkjene. Han har sjølv prøvd mange kombinasjonar. Grunnen til at han spør er at da veit han litt meir om korleis ” type ” bikkja er og det gir ein peikepinn om korleis han skal veilede deg og den håpefulle.
Målet med å ha ei gjetarbikkje er at du skal kunne bruke den på egen sau og at den skal være sosial og fungere i familien. Ein skal ikkje væra redd for å bytte ut bikkja viss den ikkje passar, det er ikkje eit nederlag, men heller til det beste for bikkja.
Framleis er Smørgrav aktiv med på prøver og i norgescup, til neste år skal han satse på Wilma og Bosse. Målet er å komme til NM på Vinstra, og det får me håpe at han gjer for me stiller med heiagjeng. Norgescupen tek vel for mykje tid seier han, men me får sjå. Han kjem au til å halde fram med kurs og eit valpekull er på gang, og så holder han prøver i Åshagan. Prøver som han seier ikkje tek motet frå folk, eit fint område og bikkjevand sau er det han har å tilby. Så me får prøve å manne kån opp og stille til års.
I januar kjem det eit kull på Wilma, for dei som treng ny bikkje. Smørgrav ønskjer ærlege kjøperar. Han vil at ein skal komma og sjå om ein likar det ein ser og gjer ein ikkje det så skal ein reise heimatt utan valp. Han har solgt valpar både til folk som driv med lydighet og som sauebikkje. Ein av valpane frå Smørgrav er no på landslaget i agility. Valpane vert fødd inne og bur på kjøkkenet fram til dei skal leverast. Her i Telemark er det au ein del som har kjøpt av Smørgrav og er faste kundar. Han brukar tid på dei som har kjøpt valp og har ein bruk for gode råd så er det bare å ringe, for dei fleste har hatt dei same problema.
Når det gjeld instruktørar så meiner han at ein skal gje seg tid til å lytte til ein om gongen ikkje fly som ei humle frå den eine til den andre. Viss ein held seg til ein instruktør som ein har trua på så slepp ein å bli forvirra av alle dei ulike meiningane, og det er au lettare for instruktøren å sjå på framgangen til deg og bikkja. Pluss at han lærer deg og bikkja di å kjenne slik at det vert lettare å gje råd.
Smørgrav likar godt det miljøet som han har tatt del i oppe i Tinn, han hadde aldri hatt campingvogna der oppe hadde det ikkje vori for treningsmulighetane der oppe. Han har blitt godt tatt i mot og seier at det er mykje flinke hundefolk der oppe.
Om laget meiner han at ein må ikkje gape for stort og passe på at me ikkje brenn opp ildsjelene. Ein må halde på det sosiale for det er mykje det som gjer at ein er med og brukar av tida si for å holde det heile i gang.
|
|
 |
|  |
 |
Nyhetskategorier |
 |
|
|